Representantane Kjersti Toppe og Siv Mossleth fremma i Stortinget 6. februar 2020 følgjande forslag i åtte punkt:
- Stortinget ber regjeringa fremme ein samla plan med kortsiktige og langsiktige tiltak for å auke bruk av ideelle aktørar i heile breidda av helse- og omsorgstenesta og legge han fram for Stortinget på eigna måte.
- Stortinget ber regjeringa gi dei regionale helseføretaka i oppdrag å rullere sine strategiplanar for ideell vekst, med krav om at minst 10 pst. av tenestene deira skal vere drivne av ideelle aktørar innan 2030.
- Stortinget ber regjeringa vedta ei forskrift til lov om offentlige anskaffelser som gir tydeleg heimel for å reservere konkurransar for ideelle aktørar.
- Stortinget ber regjeringa sikre at dei 12 løpande avtalane med ideelle sjukehus får langsiktige avtalar og at helseføretaka får i oppdrag å vurdere moglegheita for auka opptaksområde og nytt tenestevolum for ideelle sjukehus i sine utviklingsplanar.
- Stortinget ber regjeringa sikre at modellane for internfinansiering i dei regionale helseføretaka ikkje gir helseføretaka økonomiske insitament til å velje vekk ideelle aktørar, slik «Magnussen-modellen» har bidrege til.
- Stortinget ber regjeringa sikre at dei regionale helseføretaka ikkje kjøper opp eller overtek ideelle aktørar sine spesialisthelsetenestetilbod, og at eventuelle forslag om dette må handsamast i føretaksmøte.
- Stortinget ber regjeringa sikre at dei regionale helseføretaka, ved kontraktsinngåing med ideelle aktørar, stiller krav om at tenesteytaren ikkje kan endre driftsform frå ideell til kommersiell undervegs i kontraktsperioden.
- Stortinget ber regjeringa avvikle kravet om auka konkurranse og meir kjøp av private tenester gjennom anbod, som vart innført gjennom reforma fritt behandlingsval.